|
Olav var brorson til Brynjulf A. Dolve - Dolveskia.
Olav arbeidde sjølv ein periode i skifabrikken i Dolvehuset og
var også eigar av huset til kommunen kjøpte det.
Mykje av utstyret og maskinane frå skifabrikken har Olav teke
vare på heime på Dolve. Olav sin tanke var at dette skulle gjevast
til eit framtidig skimuseum.
Olav var vår viktigaste kjelde til informasjon om Dolveskia og
produksjonen i skifabrikken. Olav sin kunnskap gjekk no bort,
og me må difor søkja andre kjelder for å skriva skisoga for Voss.
Våre tankar går til Idun, borna Sigrun og Ivar og deira
familiar.
|