|
onsdag 19.april 2006 Dolvehuset vert rive!
MMS-foto ved Sigmund Midttun - tjuvlånt frå Hordaland si nettutgåve: |
|
Rivinga av Dolvehuset starta idag. Eit fleirtal av våre folkevalde meiner at Dolvehuset høver best for bosplassen. Det er over 18 år sidan dei fyrste vedtaka om å riva huset og 5 ulike kommunestyre har hatt høve til å skifta meining. Dolveskias Vener hadde ein draum om å laga skimuseum i dette huset, men ser at me ikkje var sterke nok til å redda huset. Ole Didrik Lærum og gode vener har særleg det siste året arbeidd ihuga for å finna ei anstendig løysing - stor takk til desse eldsjelene. Vår visjon om skimuseum for Voss og Vestlandet fylgjer ikkje vegen til bosplassen. Rivinga av Dolvehuset endrar ikkje våre planar, og vår lukke er at innhaldet i huset (ski-verkstaden) er teke godt vare på av familien Dolve. Styret skal arbeida vidare med sine planar og ser seg no om etter andre høvelege lokale for eit museum og gjerne eit framtidig opplevingssenter. PS: På ein slik dag er det freistande å døypa rivingstomta til Dolvehuset for Skammekroken! for styret: Stein Oddvar Hanto |